Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Styrking av Spesialeininga for politisaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa foreslår å styrkje Spesialeininga for politisaker med 3,2 millionar kronar for å sikra at kvaliteten på arbeidet vert oppretthalde og at sakshandsamingstida vert halde nede.

Regjeringa foreslår å styrkje Spesialeininga for politisaker med 3,2 millionar kronar for å sikra at kvaliteten på arbeidet vert oppretthalde og at sakshandsamingstida vert halde nede.

– Det er viktig for meg å sikre rettferdig handsaming av saker som gjeld spørsmål om ein tilsatt i politiet eller påtalemyndigheita har gjort noko straffbart i tenesta. Difor er det naudsynt at Regjeringa syter for at Spesialeininga har nok ressursar, seier justisminister Knut Storberget.

Regjeringas forslag gjer det mulig å vidareføra styrkinga av bemanninga med to stillingar i 2010 og ytterlegare styrke bemanninga med tre nye etterforskarstillingar frå sommaren 2011.

I NOU 2009: 12 Et ansvarlig politi. Åpenhet, kontroll og læring, gis det eit positivt bilete av Spesialeininga som tillitsgivar kva gjeld sjølvstende, effektivitet og kvalitet. Men sidan opprettinga i 2005 har eininga opplevd ei auke i talet på mottekne saker. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid auka betydeleg frå 2008 til 2009. Også i første halvår i 2010 var gjennomsnittleg sakshandsamingstid betydeleg høgare enn fastsett måltal. Både talet på innkomne saker og karakteren på sakene har innverknad på sakshandsamingstida. I 2009 og første halvår i 2010 har Spesialeininga hatt ei saksportefølje som har kravd stor ressursbruk i einskilde saker.