Historisk arkiv

Betre samarbeid med EU i kampen mot kriminalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa legg i statsråd i dag fram eit forslag til gjennomføring av avtale inngått mellom EU, Island og Noreg om arrestordre. Ein arrestordre er ein ordre frå ein stat til ein annan om pågriping og overlevering av ein person som er ettersøkt for straffbare forhold.

Regjeringa legg i statsråd i dag fram eit forslag til gjennomføring av avtale inngått mellom EU, Island og Noreg om arrestordre. Ein arrestordre er ein ordre frå ein stat til ein annan om pågriping og overlevering av ein person som er ettersøkt for straffbare forhold.

– Med arrestordren på plass vil det bli enklare å få overlevert mistenkte og straffedømde mellom Noreg og EU-statane, og overlevering vil kunne skje betydeleg raskare enn i dag. Innafor EU har arrestordren vore eit særs vellukka instrument for samarbeid, som er hyppig nytta i rettsforfølging over landegrensene, seier justisminister Knut Storberget.

Han legg til at reisefridomen innanfor Schengen-området gjer det naturleg og nødvendig å fjerne hindringar for etterforsking og strafforfølging på tvers av landegrensene. Arrestordreavtalen er eit av fleire element i Noregs strafferettslege samarbeid med EU.

Den europeiske arrestordren, som den norsk-islandske avtalen med EU er basert på, har vore i kraft i EU sidan 1. januar 2004. Arrestordren har erstatta tidlegare prosedyrar for utlevering mellom EU-statane. Mens overleveringstida i EU no ligg på eitt par månader eller mindre, kan utlevering til og frå Noreg i enkelte tilfelle ta meir enn eitt år. I mellomtida sit den ettersøkte gjerne varetektsfengsla.

Lovforslaget legg opp til ein felles lov om både nordiske og nordisk-europeiske arrestordrar. Lov om nordisk arrestordre vart vedteken i september 2008, men har førebels ikkje teke til å gjelde. Dette skuldast at ikkje alle dei nordiske landa har gjennomført den nordiske arrestordren enno. Etter at den svenske Riksdagen har handsama saka, er det von om at den kan teke til å gjelde frå nyttår.