Historisk arkiv

Framtidas skole - kva slags kompetanse treng vi?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Eit nytt offentleg utval, leia av professor Sten Ludvigsen, skal sjå på kva innhald framtidas skole bør ha. Måndag 7. oktober hadde utvalet sitt fyrste møte.



Eit nytt offentleg utval, leia av professor Sten Ludvigsen, skal sjå på kva innhald framtidas skole bør ha. Måndag 7. oktober hadde utvalet sitt fyrste møte.

Ludvigsen-utvalet skal vurdere kva slags kompetanse vi treng i framtida og i kva grad faga i grunnopplæringa dekkjer denne kompetansen.

Vi vil sjå langt fram i tid og kjem til å jobbe med grunnleggjande problemstillingar. Kva kompetansar er mest sannsynlege i framtida og korleis kan skolen svare på det, seier utvalsleiar Sten Ludvigsen.

Utvalet skal levere si fyrste innstilling innan 1. september 2014. Her skal dei mellom anna presentere ein analyse av den historiske utviklinga av faga i grunnopplæringa over tid. Hovudinnstillinga til utvalet skal vere ferdig innan 15. juni 2015 og skal mellom anna innehalde følgjande:
• I kva grad dekkjer dagens faglege innhald dei kompetansane og grunnleggjande dugleikane som utvalet vurderer at elevane treng for å delta i arbeidslivet.
• Kva endringar bør gjerast dersom desse kompetansane og dugleikane i større grad bør prege innhaldet i opplæringa.
• Bør dagens fagstruktur framleis liggje til grunn, eller bør innhaldet i opplæringa  strukturerast på andre måtar?
• Blir innhaldet i formålsparagrafen for grunnopplæringa i tilstrekkeleg grad reflektert i innhaldet i opplæringa?

 Vi vil lansere ein eigen blogg for å ha ein open diskusjon med lærarorganisasjonane, arbeidslivet og andre interessentar, seier Ludvigsen.

Utvalet er samansett av personar med brei kompetanse og erfaring:
Professor Sten Ludvigsen, utvalsleiar, Oslo
Styreleiar Kjersti Kleven, Ulsteinvik
Elev- og lærlingombud Sigve Indregard, Oslo
Skulesjef Eli Gundersen, Stavanger
Seniorforskar Henrik Thune, Nesodden
Lege/samfunnsdebattant Bushra Ishaq, Oslo
Rektor Pia Elverhøi, Tromsø
Prosjektleiar Helge Øye, Gjøvik
Professor Mari Rege, Stavanger
Doktorgradsstipendiat Sunniva Rose, Oslo

Les meir om utvalet her