Historisk arkiv

Oppfølging av rapport frå Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet oppretta våren 2012 ei ressursgruppe for nynorsk som hovudmål. Gruppa vart oppretta med bakgrunn i kunnskap om at mange elevar byter målform frå nynorsk til bokmål undervegs i opplæringa. Rapporten vart levert til departementet i juni 2013.10.11

I arbeidet med oppfølginga av rapporten har departementet i eit oppdragsbrev gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre ei undersøking av korleis ulike lærarutdanningsinstitusjonar dokumenterer og sikrar at studentane  får kompetanse i både nynorsk og bokmål. Det skal også gjennomførst ei kvalitativ undersøking blant skuleeigarar, skuleleiarar, elevar og foreldre/føresette i område der mange elevar byter hovudmål frå nynorsk til bokmål i løpet av  opplæringa for å finne ut meir om årsakene til målbytte.

Utdanningsdirektoratet skal også utarbeide målgrupperetta informasjon om rettane til elevar med nynorsk som hovudmål som går i skular der dei fleste har bokmål som hovudmål.

Vidare oppfølging av rapporten vil blant anna sjåast i samanheng med sluttrapporten for tiltaksplana (2009-2013) for Nynorsksenteret som snart er ferdigstilt.