Historisk arkiv

Redusert foreldrebetaling i barnehagar frå 1. januar 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår at maksprisen i barnehagar blir redusert til 2 250 kr per månad og 24 750 kr per år frå 1. januar 2006.

Pressemelding

Nr.: 081-05
Dato: 10. november

Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett for2006

Redusert foreldrebetaling i barnehagar frå 1. januar 2006

Frå 1. januar 2006 sett regjeringa foreldrebetalinga i barnehagar ytterlegare ned. Regjeringa ønskjer at pris ikkje skal være ei hindring for foreldre som ønskjer å ha barna sine i barnehage. - Lav foreldrebetaling er saman med full barnehagedekning og høg kvalitet våre hovudmål i barnehagepolitikken, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal. Regjeringa foreslår at maksprisen blir redusert til 2 250 kr per månad og 24 750 kr per år.

Dette vil seie at det blir ein reduksjon på 5 500 kr per år i forhold til dagens makspris. Det blir foreslått finansiert ved ein auke i satsane for det statlege driftstilskotet. Vedtak om tildeling av statstilskot for den enkelte barnehage blir fatta av fylkesmannen og utbetalt via kommunen. Regjeringa vil førebels føre vidare dagens regelverk for unntak frå maksimalprisen.

Rapportering per 20.9.2005 viser at i underkant av 216 000 barn har barnehageplass og rundt 16 000 barn står på venteliste. I 2004 auka kapasiteten med 11 200 heiltidsplassar og mykje tyder på at veksten blir omtrent den same i 2005. Det er derfor forventa at kapasitetsveksten i 2006 også blir rundt dette nivået.

– Sannsynlegvis er kapasitetsveksten no på grensa av kva sektoren klarer å få til i løpet av eit år. Når maksimalprisen blir satt ned, vil også fleire ønskje barnehageplass. Vi vil halde fram med eit høgt trykk på utbygging av barnehageplassar, og dette står derfor i fokus i budsjettet for 2006. Vi har lagt inn ein føresetnad om større etablering av nye barnehageplassar i 2006 enn det den førre regjeringa gjorde. Ved å sette ned foreldrebetalinga ser vi det reelle behovet for barnehageplassar, seier Djupedal.

Kunnskapsdepartementet vil gå gjennom rettleiingsmateriell og hjelpemiddel som er utarbeida på området kommunal finansiering av private barnehagar. – Det er viktig med klare vilkår når det gjeld den kommunale finansieringa av private barnehagar. Vi vil gå i dialog med kommunar og private barnehageeigarar, seier Djupedal. Målet er at forenkla praktisering skal skape føreseielege vilkår i den kommunale finansieringa av private barnehagar samt redusere arbeidsbyrda til kommunane som følgje av ordninga.