Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

35 millionar til "Program for basiskompetanse"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Program for basiskompetanse er eit tiltak som skal bidra til at fleire vaksne får basisdugleikane som er nødvendige for å meistre krava og utfordringane i arbeidslivet.

Pressemelding

Nr.: 69-06
Dato: 6.oktober

35 millionar til Program for basiskompetanse

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Program for basiskompetanse i arbeidslivet med 10 millionar kroner til 35 millionar kroner. Programmet er eit tiltak som skal bidra til at fleire vaksne får basisdugleikane som er nødvendige for å meistre krava og utfordringane i arbeidslivet.

Gjennom programmet blir det gitt støtte til bedrifter og offentlege verksemder som gir opplæring i rekning, lesing, skriving og bruk av IKT for tilsette eller arbeidssøkjarar. Opplæringa skjer i stor grad i regi av arbeidsplassen.

Den internasjonale undersøkinga ALL (Adult Literacy and Lifeskills survey) viser at over 400 000 vaksne i Noreg er så dårlege til å lese og til å forstå tal at dei har problem med å møte krava i det moderne samfunns- og arbeidslivet. Å lære seg grunnleggjande lesing, skriving, talforståing og digital dugleik er derfor avgjerande for evna den enkelte har til å takle omstillingar og meistre utfordringar.

Programmet for basiskompetanse i arbeidslivet blei sett i gang i mai i år. Responsen viser at det er stort behov for denne typen tiltak. 167 bedrifter søkte om opplæring for i alt 22 000 vaksne, og det samla søknadsbeløpet var på 85 millionar kroner. I den første runden blei 14 millionar kroner fordelt på 64 bedrifter. Dei fleste bransjar er representerte, og verksemdene er spreidde over heile landet. Det er òg sett av midlar til tiltak retta mot arbeidsledige.

Den auka løyvinga sikrar ei styrking og utviding av aktiviteten i programmet.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kjetil Måseide 22 24 75 83

Til toppen