Historisk arkiv

Elevar skal ha lærebøker til rett tid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell set no fleire tiltak i verk for å sikre at elevane i vidaregåande opplæring får skulebøkene i rett tid til skulestart hausten 2008.

Illustrasjonsbilde. Jente som leser. Foto: SamfotoKunnskapsminister Bård Vegar Solhjell set no fleire tiltak i verk for å sikre at elevane i vidaregåande opplæring får skulebøkene i rett tid til skulestart hausten 2008.

 


Regjeringa innførte hausten 2007 gratis læremiddel for alle elevar på vidaregåande steg 2 (Vg2). Tiltaket vil bli ført vidare for elevar på Vg3 frå hausten 2008 og for Vg1 frå hausten 2009. Da skulen starta i fjor haust, vart det rapportert om at elevar ved mange skular ikkje hadde fått lærebøkene i rett tid

– Dette kan vi ikkje akseptere. Elevane har ein lovfesta rett til å ha tilgang til nødvendig læremiddel, seier Bård Vegar Solhjell.

Han set no i verk fleire tiltak for å sikre at elevane får skulebøkene i rett tid til hausten.

– Vi skal sjekke at bøker blir bestilte og leverte. Vi vil også engasjere elevane i å etterprøve at bøker kjem, og melde ifrå om feil, seier Solhjell.

  • Fylkeskommunane skal gi oss ein rapport innan 15. april i år om korleis dei skal få lærebøkene fram i rett tid til elevane i dei vidaregåande skulane.
  • Seinast 15. mai skal Utdanningsdirektoratet ha kontrollert at dei største leverandørane av lærebøker er i rute med leveransane sine.
  • Innan 10. september skal alle fylkeskommunane rapportere om det skulane har kjøpt inn. Dersom det manglar læremiddel, skal fylkeskommunane gjere greie for årsakene til at noko enno ikkje er på plass.
  • Informasjon om status frå fylkeskommunane og forlaga vil jamleg bli rapportert på heimesidene til Utdanningsdirektoratet.
  • Elevorganisasjonane vil samstundes lage ei oversikt over korleis elevane ved skulestart sjølve oppfattar læreboksituasjonen i kvart fylke.
  • Kunnskapsdepartementet kjem òg til å be fylkeskommunane om at dei tek i bruk alle dei verkemidla som dei har i slike store innkjøpsprosessar. Dette gjeld særleg at det er mogleg å avtale dagsbøter i kjøpskontraktar.

Nynorsk

  • Departementet krev at fylkeskommunane følgjer kravet i lova om at skuleeigar berre kan nytte lærebøker som ligg føre både på nynorsk og bokmål til same pris og til same tid. Dette gjeld i alle fag med unnatak av norsk (jf. opplæringslova § 9-4).
  • Fylkeskommunane skal melde frå innan 10. september om det er kjøpt inn lærebøker i strid med denne regelen i lova. Informasjon om kva for fylkeskommuner som har følgt eller ikkje følgt lova vil òg bli publisert på heimesidene til Utdanningsdirektoratet.