Historisk arkiv

Regjeringa prioriterer forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å satse kraftig på vitskapleg utstyr og fleire stipendiatstillingar i statsbudsjettet for 2009. Samla aukar løyvingane til forsking og utvikling med nær 1,6 milliardar kroner.

Regjeringa foreslår å satse kraftig på vitskapleg utstyr og fleire stipendiatstillingar i statsbudsjettet for 2009. Samla aukar løyvingane til forsking og utvikling med nær 1,6 milliardar kroner. – Meir pengar til vitskapleg utstyr er avgjerande for å styrkje evna vår til å løyse dei store kunnskapsutfordringane Noreg no møter, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. 

Regjeringa foreslår å løyve 80 millionar kroner til vitskapleg utstyr i statsbudsjettet for 2009. I tillegg kjem det framlegg om å nytte 2/3 av avkastinga frå det nye innskotet på 6 milliardar kroner i forskingsfondet til vitskapleg utstyr.

– Det vil gi om lag 200 millionar kroner til utstyr i 2010 og vil vere ei påverkeleg finansiering som både forskingssektoren og arbeidslivsorganisasjonane har etterlyst, seier Aasland. 

Samla aukar løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet med nær 1,6 milliardar kroner, til om lag 19,7 milliardar kroner. Det er ein realvekst på om lag 4,4 prosent samanlikna med 2008. 

Ved at vi no opprettar både nye rekrutteringsstillingar og fleire postdoktorstillingar blir det meir samanhengande karrierevegar for unge forskarar. Det gjer det lettare for institusjonane å satse på og utvikle forskartalent, seier Aasland. Denne satsinga viser at den raudgrøne regjeringa har lytta til ønska frå sektoren og no signaliserer at dei tek Forskings-Noreg på alvor, seier forskings- og høgare utdanningsministeren. 

Klimaforsking

I forslaget til statsbudsjett for 2009 følgjer regjeringa opp Klimaforliket med 300 millionar kroner til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og ‑lagring. Satsinga skal gå til å etablere forskingssenter for miljøvennleg energi (110 millionar kroner) og til ei rekkje relevante forskingsprogram i Noregs forskingsråd. Styrkinga gjeld programma RENERGI (98 millionar kroner), CLIMIT (20 millionar kroner), Natur og næring (20 millionar kroner), NANOMAT (18 millionar kroner) og Brukarstyrt innovasjonsarena (10 millionar kroner). I tillegg skal grunnforsking, rekruttering og infrastruktur styrkjast med 24 millionar kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. 

Fleire stillingar med auka sats

Andre viktige prioriteringar i budsjettet for 2009 er om lag 200 nye rekrutteringsstillingar (stipendiat-, postdoktor- og nærings-Ph.D.-stillingar). Av dette er 35 postdoktorstillingar som gir universiteta høve til å satse på forskartalent. Det blir tildelt 141 rekrutteringsstillingar direkte til universitet og høgskular. Det blir òg sett av stillingar til nordområde og andre satsingar. I tillegg foreslår regjeringa å auke satsen per rekrutteringsstilling til 800 000 kroner. Det tilsvarer ein auke på 25 prosent. Regjeringa foreslår vidare å styrkje nærings-Ph.D.-ordninga med 10 millionar kroner i 2009 over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. 

Forskingsfond og forskingsinstitutt

Regjeringa foreslår å løyve til saman 12 milliardar kroner til forskingsfond. Av dette skal 6 milliardar kroner gå til regionale forskingsfond og 6 milliardar kroner til Fondet for nyskaping og innovasjon. Dei regionale fonda skal styrkje forskingsevna gjennom regional forsking og innovasjon. Den årlege avkastinga vil bli om lag 285 millionar kroner frå 2010. Fonda skal vere eit supplement til nasjonale FoU-verkemiddel og skal styrkje regional forsking og samspelet mellom næringsliv, høgskular og regionane. 

Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir foreslått auka med 6 milliardar kroner til 72 milliardar kroner frå 1. januar 2009. 2/3 av den auka avkastinga i 2010 er øyremerkt til vitskapleg utstyr. 

I samband med at det blir innført eit nytt system for statleg basisfinansiering av forskingsinstitutt, foreslår regjeringa å auke løyvingane til instituttsektoren med 30 millionar kroner. 

Universitetsmusea

Regjeringa foreslår òg å løyve om lag 23 millionar kroner til universitetsmusea. Midlane skal mellom anna brukast til å sikre og bevare samlingane, til strategisk forskingssatsing og fagleg utvikling, til utgreiing av eit nasjonalt digitalt universitetsmuseum og til integreringsprosessen mellom Arkeologisk museum i Stavanger og Universitetet i Stavanger.

Lenke til Kunnskapsdepartementets budsjettsider