Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Regjeringa satsar på nynorsk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa set no i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken. Mellom anna blir innsatsen auka for å sikre at elevane ved skulestart skal få lærebøkene i begge målformer. Det vil bli løyvt 6 millionar kroner meir til å støtte produksjon av nynorske læremiddel i 2009, og ein tek sikte på å få til ei reell kompetanseheving i nynorsk for lærarar og førskulelærarar.

Regjeringa set no i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken. Mellom anna blir innsatsen auka for å sikre at elevane ved skulestart skal få lærebøkene i begge målformer. Det vil bli løyvt 6 millionar kroner meir til å støtte produksjon av nynorske læremiddel i 2009, og ein tek sikte på å få til ei reell kompetanseheving i nynorsk for lærarar og førskulelærarar.   

Saman med kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys presenterte Solhjell i dag nynorsktiltaka frå regjeringa på eit arrangement i Ivar Aasen-tunet i Ørsta-Volda. 

– Alle elevar bør få skulebøker til skulestart . No tek vi tak i det som i år var det største problemet, nynorske læremiddel,
seier kunnskapsminister  Bård Vegar Solhjell. 

Regjeringa lanserer eit eige prosjekt for klart språk i staten. Prosjektet, som er i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, omfattar både nynorsk og bokmål og har som siktemål at språket i statsforvaltninga skal bli enklare å forstå.

Kommunal – og regionaldepartementet vil i tillegg skipe til prisen ”Årets nynorsk-kommune”. 

– Alle elevar bør få skulebøker til skulestart .

– Vi ønskjer å  leggje til rette for at nynorsk skal bli ein meir naturleg del av kvardagen til barn og unge. Vi ønskjer i tillegg å spreie kunnskap om praktiske og motiverande undervisningsformer i nynorsk, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

For å finne ut korleis tilgangen til nynorske læremiddel er, vil Kunnskapsdepartementet i 2009 gjennomføre to rundar med rapporteringar frå fylkeskommunane. I tillegg vil Solhjell våren 2009 leggje opp til ei eiga undersøking av forlaga for å sikre at produksjonen av læremiddel er i rute til skulestart. Det vil her spesielt bli lagt vekt på tilgangen til parallellutgåver. 

 

Betre nynorsk i staten

Haidi Grande Røys og regjeringa lanserer eit prosjekt for klart språk i staten.Regjeringa lanserer eit prosjekt for klart språk i staten. Grande Røys ønskjer at offentleg tilsette skal meistre nynorsk betre.  Både tilsette i statleg og kommunal sektor vil få tilbod om kursopplegg. 

– Nynorskkunnskapane er for dårlege hos dei som har nynorsk som sidemål, og resultatet er ofte at det dei leverer på nynorsk, er  tungt og klossete. Dette må vi endre på, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
Prosjektet omfattar både nynorsk og bokmål og har som siktemål at språket i statsforvaltninga skal bli enklare å forstå.

 

Årets nynorsk-kommune

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa skipar nynorsk-prisKommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa, vil at kommunane skal rapportere betre om bruken av nynorsk og oppmodar samstundes kommunane til å bruke nynorsk som ein viktig del av omdømmearbeidet sitt, t.d. gjennom Ry, ei nettside for omdømmebygging i kommunar og regionar i distrikts-Noreg. Det er regjeringa som har teke initiativ til denne nettsida, og ho lover at Ry skal innehalde døme på god bruk av nynorsk.

Mange av dei 116 nynorskkommunane i Noreg kan vere gode døme for andre. Eg vil saman med ”Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar” utarbeide kriterium for prisen ”Årets nynorsk-kommune”, seier Magnhild Meltveit Kleppa. 

Auka løyvingar

Regjeringa legg også vekt på å gi spesielle nynorskinstitusjonar gode rammevilkår, og har derfor i forslaget til statsbudsjett for 2009 foreslått auka løyvingar til fleire institusjonar.

 


  Klikk for å åpne dokument med flere fakta om saken 

 

 

Til toppen