Historisk arkiv

Skulestart: Dette er nytt hausten 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Eg ønskjer at alle elevane i haust skal møte ein skule som er prega av kompetanse. Skulen må ta tak i små utfordringar før dei veks til store problem. Derfor satsar vi no på å styrkje opplæringa dei første åra. Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med skulestarten.

- Eg ønskjer at alle elevane i haust skal møte ein skule som er prega av kompetanse. Skulen må ta tak i små utfordringar før dei veks til store problem. Derfor satsar vi no på å styrkje opplæringa dei første åra. Skulen skal gi alle elevar, uavhengig av sosial bakgrunn, like sjansar. Slik kan skulen vere med på å utjamne forskjellane i samfunnet. Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med skulestarten.

Her er noko av det viktigaste som er nytt for skuleåret 2008-2009:

• Timetallsutvidinga: Frå hausten 2008 blir timetalet i grunnskulen auka med til saman fem veketimar à 60 minutt fordelte på dei fire første stega. Av dei fem timane skal to timar gå til norsk, to timar til matematikk og ein time til engelsk. Les meir 

• Kompetansekrav til lærarar frå 1. august:
- Førskulelærarar som skal tilsetjast for å undervise på første steget i skulen må ha minst eitt års tilleggsutdanning for undervisning på barnesteget.
- Lærarar som blir tilsette for å undervise i faga norsk, matematikk og engelsk på ungdomssteget må ha minst eitt årsstudium (60 studiepoeng) i tilsetjingsfaget. Kravet var tidlegare minst eit halvt år (30 studiepoeng). Dei nye reglane gjeld ikkje for dei som allereie har ei godkjend lærarutdanning. Les meir

• Kunnskapsløftet for alle: Frå skuleåret 2008-2009 blir Kunnskapsløftet innført i Vg3. Reforma, som mellom anna inneber nye læreplanar i alle fag, er dermed innført for alle steg i grunnskulen og vidaregåande opplæring. 

• Gratis læremiddel: Regjeringa innførde hausten 2007 gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring. Frå hausten 2008 får elevar i Vg3 og Vg2 gratis læremiddel. Ordninga vart innførd for Vg2 hausten 2007, og vil gjelde for elevar i Vg1 frå hausten 2009. Les meir

• Lesing: I 2008 er det sett av 30 millionar kroner til tiltak som på kort sikt kan vere med på å styrkje lesekompetansen i skulen. Midlane skal mellom anna nyttast til rettleiingsmateriell for lærarar på alle skular og til eit særskilt opplæringstilbod til lærarar i kommunar med svake resultat frå nasjonale prøver (les meir). Læreplanen i norsk vil i haust bli justert for å styrkje lesing.  Les meir

• Ungdomsskulen – betre førebuing til vidaregåande opplæring: Faget ”utdanningsval” (tidlegare ”programfag til val”) blir obligatorisk for alle skular frå skulestart. Her skal elevane prøve ut minst to av utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Ordninga inneber eit samarbeid mellom grunnskular og vidaregåande skular. Elevar på ungdomssteget får òg tilbod om å ta fag frå vidaregåande opplæring. Les meir

• RLE: Kunnskapsdepartementet har fastsett ny læreplan i religion, livssyn og etikk (RLE) for grunnskulen. Læreplanen gjeld frå 1. august 2008 og kjem i staden for læreplanen i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL). Endringane er ein konsekvens av dommen mot den norske staten i Den europeiske menneskerettsdomstolen i saka om KRL-faget. Les meir

• Lærebøker i tide: Hausten 2007 vart det rapportert om at elevar ved mange vidaregåande skular ikkje hadde fått lærebøkene i tide. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell sette derfor i verk ulike tiltak for å sikre at bøkene kjem fram i rett tid til skulestart hausten 2008. Les meir

• Lovfesta rett til frukt og grønt: Regjeringa har innført gratis frukt og grønt for elevar på skular med ungdomssteg (det vil seie reine ungdomsskular og skular med 1.-10. steg).  Stortinget har lovfesta ordninga, som tok til å gjelde 1. august 2008. Les meir