Historisk arkiv

86 millionar til vaksenopplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) vil regjeringa at vaksne som ønskjer og har behov for meir opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, rekning og bruk av IKT, skal få det. Løyvinga til dette formålet aukar derfor til 86 millionar kroner i 2011 – 10 millionar kroner meir enn løyvinga for inneverande år.

– Å kunne lese, skrive, rekne og bruke IKT er heilt grunnleggjande for å kunne fungere som arbeidstakar og i kvardagen elles. Programmet er derfor eit viktig ledd i å nå målet om å skape eit inkluderande kunnskapssamfunn og eit arbeidsliv med rom for alle, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

BKA blei etablert i 2006 og har blitt møtt med stor interesse frå bedrifter og offentlege verksemder. Sidan oppstarten har nesten 13 000 personar delteke. Programmet bidreg til at fleire stiller betre rusta i møtet med den kunnskapsintensive jobbmarknaden vi vil få i framtida. BKA legg dessutan opp til at opplæringa kan skje ute på arbeidsplassen til den enkelte.