Historisk arkiv

Godt skulemiljø for fleire elevar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Vi er glade for at vi har kome vidare i arbeidet med eit godt skulemiljø for fleire elevar, og at stadig fleire skular har godkjent skulemiljø for elevane, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

- Vi er glade for at vi har kome vidare i arbeidet med eit godt skulemiljø for fleire elevar, og at stadig fleire skular har godkjent skulemiljø for elevane, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. 

Lenke til rapporten om skulemiljø

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har TNS Gallup gjennomført ei undersøking av skulemiljøet ved grunn- og vidaregåande skular.

Undersøkinga tek utgangspunkt i kravet om at alle skular skal vere godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Forskrifta regulerer blant anna inneklima, sanitære forhold, reingjering og vedlikehald. 

Kartlegginga viser at 68 prosent av skulane er godkjende, 12 prosent har mellombels godkjenning og 18 prosent er ikkje godkjende.

Undersøkinga er gjord for å følgje opp ei tilsvarande kartlegging frå 2008 som viste at halvparten av skulane ikkje var godkjende.

Nokre av desse hadde mellombels godkjenning, somme oppfylte ikkje krava, og somme var ikkje blitt vurderte.

Statsrådane sende etter dette eit brev til fylka og kommunane der dei understreka at alle elevar har rett til eit godt fysisk miljø, og at Fylkesmannen og kommunen som ansvarleg helsestyresmakt måtte ta tak i resultata frå undersøkingane og prioritere dette arbeidet.

- Vi er glade for at kommunane og fylkeskommunane har teke ansvaret for skulemiljøet til elevane alvorleg. Eit godt fysisk skulemiljø er viktig for å unngå helseproblem for elevane og gi god læring i skulen Vi har stadig utfordringar når 30 prosent av skulane ikkje er godkjende, og vi vil følgje utviklinga framover, seier kunnskapsministeren og helse- og omsorgsministeren.