Historisk arkiv

Vil lovfeste leksehjelp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Eit tilbod om leksehjelp for alle elevar vil gi betre utbytte av leksene, uavhengig av kor mykje hjelp dei får heimanfrå, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i samband med at regjeringa i dag har lagt fram forslag om å lovfeste plikt til å tilby leksehjelp på 1.– 4. årstrinn. Samtidig blir det mellom anna foreslått å innføre rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordning (SFO).

- Eit tilbod om leksehjelp for alle elevar vil gi betre utbytte av leksene, uavhengig av kor mykje hjelp dei får heimanfrå, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i samband med at regjeringa i dag har lagt fram forslag om å lovfeste plikt til å tilby leksehjelp på 1.– 4. steget. Samtidig blir det mellom anna foreslått å innføre rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordning (SFO).

Leksehjelp på 1.-4. årstrinn

I budsjettet for 2010 er det sett av midlar til i gjennomsnitt to timar gratis leksehjelp per veke på 1.-4. årstrinn. Regjeringa foreslår no å lovfeste ei plikt for kommunar og private skolar til å tilby gratis leksehjelp. Elevane skal ha rett til å delta, men tilbodet skal vere valfritt.

Skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordning

Undersøkingar viser at mangel på transport er eit hinder for at funksjonshemma barn deltek i skolefritidsordning og andre aktivitetar. Regjeringa foreslår derfor at retten til skyss for funksjonshemma elevar skal utvidast til ikkje berre å gjelde til og frå skole, men også til og frå skolefritidsordning. Kommunar og fylkeskommunar vil bli kompenserte for den utgiftsauken dette vil medføre. Dette vil regjeringa kome tilbake til i ordinære budsjettprosessar.

Bortvising

For å styrkje lærarane sin autoritet og føresetnad for å skape eit godt læringsmiljø blir foreslått det at kommunar og rektorar skal kunne fastsetje at lærarar skal få høve til å bortvise ein elev frå si eiga undervisning utan at dette må gå via rektor. Av omsyn til rettstryggleiken for dei elevane det er aktuelt å bortvise, blir dette høvet avgrensa til å gjelde bortvising for ei undervisningsøkt på maks to timar. Dersom det er aktuelt med bortvising for ein lengre periode, må dette skje via rektor.

I tillegg er det mellom anna lagt fram forslag som gjeld:

  • plikt til foreldresamarbeid for private skolar
  • språknorm i lærebøker og andre læremiddel
  • utlysing av stilling ved tilsetjing av deltidstilsett med fortrinnsrett
  • å endre omgrepet ”kompetanse på lågare nivå” til ”grunnkompetanse”
  • krav om politiattest ved tilsetjing i musikk- og kulturskolar

Regjeringa tek sikte på at nye lovføresegner om skyss for funksjonshemma kan tre i kraft seinast frå januar 2011, mens dei andre lovføresegnene kan tre i kraft frå hausten 2010.