Historisk arkiv

Det fyrste senteret for framifrå utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Universitetet i Oslo i samarbeid med Universitetet i Tromsø, har fått det fyrste senteret for framifrå utdanning. Senteret skal føre til spreiing av kunnskap og erfaringar av verdi for utvikling av god lærarutdanning i Noreg.

Universitetet i Oslo (UiO) i samarbeid med Universitetet i Tromsø (UiT), har fått det fyrste senteret for framifrå utdanning. Senteret skal føre til spreiing av kunnskap og erfaringar av verdi for utvikling av god lærarutdanning i Noreg.

– Det er solide lærarutdanningsmiljø som inngår i det nye senteret. Dei har dokumentert høg kvalitet i noverande utdanning. Dei har gode planar for vidareutvikling og innovasjon i utdanninga i tett samarbeid med partnerskular. Eg har store forventningar til denne etableringa, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland.

(UiT)

(UiO)

Det er styret for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som på grunnlag av innstilling frå ein ekspertkomité, har gitt status som Senter for framifrå utdanning til Centre for Professional Learning in Teacher Education (ProTEd) ved Universitetet i Oslo, i samarbeid med Universitetet i Tromsø.

Regjeringa har oppretta ordninga med Sentre for framifrå utdanning (SFU) for å stimulere til utvikling av framifrå kvalitet i høgare utdanning og synleggjering av at undervisning og forsking er likestilte oppgåver for universitet og høgskular. I pilotfasen blir ein modell utprøvd for eit senter innanfor lærarutdanning, som får 4 millionar kronar pr år i 5 år, med moglegheit til forlenging i ti år. Ordninga blir administrert av NOKUT.

– Det er gjort eit grundig arbeid med å utarbeide ein modell for SFU-ordninga som no skal prøvast ut med det nye senteret. Eg er nøgd med at det er vist stor interesse blant universitet og høgskular for ordninga og at det var sterke søkjarar i konkurransen. Eg vil arbeide for at ei utvida og permanent ordning kan kunngjerast så raskt som mogeleg, seier statsråd Tora Aasland.