Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

400 nye studieplassar og auka satsing på bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å opprette om lag 400 nye studieplassar i 2014 til fagområde med spesielt stort behov for meir kompetanse. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

Regjeringa foreslår å opprette om lag 400 nye studieplassar i 2014 til fagområde med spesielt stort behov for meir kompetanse. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

– Regjeringa legg opp til å finansiere 24 800 fleire studieplassar i 2019 enn då vi tok over regjeringskontora i 2005. Det inneber ein kostnad på om lag 2,8 milliardar kroner og er ei formidabel investering i framtidige generasjonar og i kunnskapssamfunnet vårt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

I budsjettforslaget for 2014 blir studieplassar innanfor mellom anna ingeniør­utdanning, maritim utdanning, rettsvitskap og medisin­utdanning prioriterte. 

Regjeringa foreslår startløyvingar på totalt 80 millionar kroner til rehabilitering av Noregs idrettshøgskole og nybygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Prosjekta skal etter planen stå ferdige i 2017 og har kostnadsrammer på høvesvis 837 millionar og 1,28 milliardar kroner.

Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 1,2 milliardar kroner til å vidareføre åtte pågåande byggjeprosjekt ved universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og på Ås, ved høgskolane i Bergen og Sør-Trøndelag og ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

– Vi har sidan 2005 gitt startløyving til 15 byggje- og rehabiliterings­prosjekt, inkludert dei to nye prosjekta som er foreslått i budsjettet for 2014. Dette gir ei solid oppgradering av bygningsmassen i universitets- og høgskolesektoren. Den samla kostnads­ramma for alle desse bygga er på meir enn 18 milliardar kroner, seier kunnskapsministeren. 

Dei 15 byggeprosjekta er:

  • Samisk vitskapsbygg, Samisk høgskole
  • Rehabilitering av Sørhellinga, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
  • Nytt odontologibygg, Universitetet i Bergen
  • Nybygg/rehabilitering for sjukepleiarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus
  • Nytt sentralbygg, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Nybygg for samlokalisering, Høgskolen i Bergen
  • Rehabilitering av sentrumsbygningane (fase 1 og 2), Universitetet i Oslo
  • Nytt teknologibygg, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
  • Rehabilitering av Urbygningen, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
  • Nytt teknologibygg, Høgskolen i Sør-Trøndelag
  • Nybygg for veterinærmiljøa og Veterinærinstituttet på Ås, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
  • Nybygg for samlokalisering, Kunst- og designhøgskolen i Bergen
  • Rehabilitering av universitetsmuseet i Bergen (fase 1), Universitetet i Bergen
  • Rehabilitering av Noregs idrettshøgskole
  • Nytt bygg for medisin- og helsefag, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Regjeringa har varsla ei ny stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning og foreslår å løyve 15 millionar kroner over tre år til ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgare utdanning. Evalueringa vil mellom anna vurdere i kva grad utdanningane som norske universitet og høgskolar tilbyr, held høg internasjonal kvalitet, og om dei førebur studentane godt nok på arbeidslivet.

Til toppen