Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Satsar på kunnskap – frå barnehagar til forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsbudsjettet for 2014 inneholder betydelige satsinger på hele kunnskapsfeltet. Blant annet utvider regjeringen retten til barnehageplass og foreslår omfattande tiltak for å heve kvaliteten i yrkesfagopplæringen og øke gjennomføringen i videregående skole.

Statsbudsjettet for 2014 inneheld betydelege satsingar på heile kunnskapsfeltet. Mellom anna utvidar regjeringa retten til barnehageplass og foreslår omfattande tiltak for å heve kvaliteten i yrkesfagopplæringa og auke gjennomføringa i vidaregåande skole.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen viser til at regjeringa har prioritert barnehagar, utdanning og forsking høgt heile perioden sidan ho tiltredde i 2005.                     

Barnehagereforma er det største løftet som er gjort i det norske velferdssamfunnet dei siste tiåra. Vi har òg gjennomført ei omfattande satsing mot fråfall i vidaregåande skole og foreslått dei største endringane i fag- og yrkesopplæringa på 20 år. Vi har overoppfylt Soria Moria II ved å gi tilskot til over 1000 studentbustader kvart år sidan 2008. Regjeringa legg opp til å finansiere 24 800 fleire studieplassar i 2019 enn då vi tok over regjeringskontora i 2005. I tillegg har vi auka den offentlege forskingsinnsatsen med om lag 34 prosent sidan 2005, seier Kristin Halvorsen. 

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å utvide retten til barnehageplass, og ho legg opp til å gradvis innføre to opptak i året. Regjeringa foreslår òg fleire nye tiltak for å redusere fråfallet i den vidaregåande opplæringa. Dessutan legg ein opp til å innføre 11 månaders utdanningsstøtte, finansiere 400 nye studieplassar og 1300 nye studentbustader og løyve 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa satsar på unge forskarar og vil òg opprette 60 nye stipendiatstillingar. 

Utvidar retten til barnehageplass

Regjeringa vil utvide retten til barnehageplass. Barn som fyller eitt år i september eller oktober i 2014, skal få ein lovfesta rett til barnehageplass. 

– Regjeringa legg opp til kortare ventetid gjennom å gradvis innføre to opptak i året, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. 

Regjeringa sender eit lovforslag om dette ut på høyring i dag. Endringane vil tre i kraft frå barnehageåret 2014–2015. Det blir foreslått 241 millionar kroner til nye lovfesta

plassar i statsbudsjettet for 2014, noko som vil gi om lag 2900 nye barnehageplassar. Regjeringa aukar òg innsatsen for å styrkje kompetansen i barnehagane og brukar totalt 200 millionar kroner til barnehageforsking, rekruttering og kompetanseheving blant dei tilsette i barnehagane. 

Totalt foreslår regjeringa å auke løyvingane til barnehageformål i 2014 med nesten 700 millionar kroner i forhold til budsjettet som blei vedteke i fjor. 

Styrkjer yrkesfaga og tiltak for auka gjennomføring 

Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga «På rett vei» med totalt 156 millionar kroner til å heve kvaliteten i yrkesopplæringa og auke gjennomføringa i den vidaregåande skolen. 

– Fråfallet i vidaregåande opplæring har store konsekvensar for samfunnet og den enkelte. Sidan 2010 har vi brukt betydelege ressursar på Ny GIV-prosjektet for å auke gjennomføringa i vidaregåande, slik at fleire elevar skal fullføre med eit vitnemål eller fagbrev. I tillegg inneheldt stortingsmeldinga vi la fram i vår, konkrete tiltak for å gjere yrkesopplæringa meir yrkesretta og relevant. No legg vi inn pengane som trengst for å gjennomføre tiltaka i meldinga i praksis, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. 

I statsbudsjettet for 2014 aukar regjeringa løyvingane til grunnopplæringa med totalt 750 millionar kroner til nye tiltak og satsingar. 

Høgare utdanning og forsking

  • Regjeringa foreslår 400 nye studieplassar og totalt 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.
  • Regjeringa vil innføre 11 månaders utdanningsstøtte. Det vil gjere det enklare å studere på heiltid. Regjeringa foreslår òg å prisjustere utdanningsstøtta for å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Prisjusteringa og utvidinga til 11 månader fører til at basisstøtta vil auke med over 11 000 kroner til 105 600 kroner i året i 2014–2015.
  • Regjeringa vil vidareføre satsinga på studentbustader ved å auke finansieringa med 100 millionar kroner. Budsjettramma blir dermed på 359 millionar kroner. Det gir rom for 1300 nye studentbustader i 2014. Samtidig blir statstilskotet per hybeleining auka med 20 prosent og kostnadsramma med 100 000 kroner per eining.

Regjeringa foreslår å øyremerkje 50 millionar kroner til talentfulle unge forskarar gjennom ordninga «Fri prosjektstøtte» (FRIPRO). Regjeringa vil òg opprette 60 nye stipendiatstillingar, mellom anna innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag.

Til toppen