Historisk arkiv

Styrking av frivillig sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 167/05
Dato: 10.11.2005
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. 22 24 78 09

Styrking av frivillig sektor

Regjeringa vil auka løyvinga til frivillig sektor i 2006 i høve til budsjettet frå Bondevik-regjeringa.

Regjeringa vil styrkja løyvinga til frivilligsentralar og gjer framlegg om å oppretta ti nye sentralar i 2006. Samanlikna med budsjettet frå Bondevik-regjeringa foreslår regjeringa ein auke på to millionar kroner til frivilligarbeidet.

Auke i støtta til Frifond
I statsbudsjettet for 2006 foreslo Bondevik-regjeringa at støtta til Frifond over statsbudsjettet skulle avviklast. Regjeringa meiner det er behov for å halda oppe den frivillige barne- og ungdomsaktiviteten på eit høgt nivå. Det vert difor foreslått ei løyving på 15 millionar kroner til Frifond over statsbudsjettet i 2006, slik at det i tillegg til spelemidlar også vert ytt tilskot til Frifond over statsbudsjettet.

Totalt vil denne løyvinga i tillegg til spelemidlar gje om lag 135 millionar kroner til Frifond i 2006.

I tillegg er det fleire andre tiltak på budsjettet som styrkjer det frivillige arbeidet.