Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

18.8 millionar til satsing på språk og litteratur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 125/06
Dato: 06.10.2006

18,8 millionar til satsing på språk og litteratur

For å fremja lesing og styrkja norsk språk er det foreslått auke mellom anna til desse tiltaka:

  • Innkjøpsordningane for litteratur er auka med 2 millionar kroner til barn og unge innan skjønn- og faglitteratur. Vidare er det foreslått 1 million kroner i auke til innkjøp av omsett litteratur.
  • Tilskotet til bibliotekteneste i fengsel er foreslått auka med 2,5 millionar kroner.
  • Prosjektet Leser søker bok, som skal gjere litteratur tilgjengeleg for alle, får ein auke på 0,6 mill. kroner til vidareføring av prosjektet.
  • Til litteraturfestivalar gjennom Norsk kulturfond er det foreslått ein auke
    på 0,5 millionar kroner, og Kapittelfestivalen får ein auke på 0,4 millionar.
  • Til kvar av bokbyane Fjærland og Skagerak er det foreslått ein auke på 0,1 millionar kroner.
  • Norsk Forfattersentrum får ein auke på 0,8 millionar kroner og tilskotet til Agenda X blir auka med 0,3 millionar kroner
  • I budsjettforslaget for 2007 blir eingongstilskotet til Noregs Mållag på 0,5 millionar kroner i 2006 vidareført til prosjekt som kan stimulere til auka bruk av nynorsk.
  • Vidare er det i 2006 etablert ei konsulentteneste for offentleg språkbruk som ein del av Språkrådets sekretariat. Det er gjort framlegg om ei styrking på 1 million kroner for 2007 til vidare utbygging av tenesta.

Det er også sett av 6 millionar til vidareføring av ulike Ibsen-prosjekt, og 3 millionar til Ibsen-pris og Ibsen-stipend (Sjå eiga pressemelding).