Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka støtte til kultur i Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 134/06
Dato: 06.10.2006

Auka støtte til kultur i Buskerud

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Buskerud på 4,1 millionar kroner.

Auken til kulturinstitusjonane i Buskerud er fordelt slik:

Drammens museum for kunst og kulturhistorie: 0,7 millionar kroner
Brageteatret: 0,61 millionar kroner
Kunstnerdalen Kulturmuseum: 0,5 millionar kroner

Hallingdal Museum: 0,5 millionar kroner
Norsk Bergverksmuseum: 0,53 millionar kroner

Vestfossen Kunstlaboratorium: 0,5 millionar kroner
Blaafarveverket: 0,3 millionar kroner
Kongsberg, Numedal og Øvre Eiker
kulturhistoriske museum: 0,24 millionar kroner
Hringariki: 0,14 millionar kroner
Buskerud Teater: 0,03 millionar kroner

- Kulturløftet inneber at vi satsar på kultur i Buskerud. Kulturløftet skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Buskerud til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen