Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka støtte til kultur i Østfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 151/06
Dato: 06.10.2006

Auka støtte til kultur i Østfold

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Østfold med om lag 2,4 millionar kroner.

Tilskotet til Det Norske Blåseensemble anno 1734 blir auka med 0,85 millionar kroner. Østfold Teater vil få ein auke på om lag 0,3 millionar kroner. Musea i Østfold vil få ein samla auke på vel 1,2 millionar kroner.

- Regjeringas mål er å fremje det regionale kulturlivet for å auke mangfaldet og nyskapinga i Noreg. Difor styrkjer vi tilskota til kulturinstitusjonar i Østfold, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Auken til andre kulturinstitusjonar i Østfold er fordelt slik:

0.45 millionar kroner til Punkt Ø.
0.35 millionar kroner til Østfoldmuseet
0.19 millionar kroner til Fredrikstad Museum
0.24 millionar kroner til Halden Historiske Samlinger.

- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Østfold. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Østfold til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen