Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka tilskot til Agder Teater og Kristiansand symfoniorkester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 149/06
Dato: 06.10.2006

Auka tilskot til Agder Teater og Kristiansand symfoniorkester

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Vest Agder med om lag 6,8 millionar kroner.

- Agder Teater har gode besøkstal og vi vil styrke verksemda ved teatret med om lag 2 millionar kroner i 2007. 1 million kroner skal gå til drift av utescena i Fjæreheia, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.


Auken til kulturinstitusjonar i Vest-Agder er fordelt slik:
1,93 millionar kroner til Kristiansand Symfoniorkester
1.36 millionar kroner til Vest-Agder-museet
0.41 millionar kroner til Sørlandets kunstmuseum
0.39 millionar kroner til Opera Sør i Kristiansand
0.32 millionar kroner til Nettstad for unge kunstnarar, Trafo.no
0.20 millionar kroner til Agder naturmuseum og botaniske hage

- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Vest-Agder. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Vest-Agder til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen