Historisk arkiv

Rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår at opphavsmannen til eit kunstverk skal ha vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett).

Pressemelding

Nr.: 60/06
Dato: 09.06.2006
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Bengt Hermansen, tlf. 22 24 80 42

Rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Regjeringa foreslår at opphavsmannen til eit kunstverk skal ha vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett).

Forslaget til endringar i åndsverklova og lov om avgift på omsetning av biletkunst gjennomfører eit EU-direktiv om følgjerett. Den noverande kollektive ordninga med avgift til Bildende Kunstneres Hjelpefond vert ført vidare, men det skal ikkje betalast avgift for sal som er omfatta av følgjeretten.

I den nye ordninga med vederlag foreslår regjeringa at vederlagssatsen som hovudregel skal vera 5 %, men at ordninga ikkje skal gjelde der prisen er lågare enn 3.000 euro.

Følgjeretten gjeld ikkje berre opphavsmannen, men også arvingane. Ei eigen organisasjon skal innkrevja og fordela vederlaget.

Ot.prp. nr. 88 (2005-2006)

Om lov om endringer i åndsverkloven og lov om ­avgift på omsetning av billedkunst (gjennomføring av EU-direktiv om følgerett til fordel for opphavs­mannen til et originalkunstverk m.m.)