Historisk arkiv

Sikrar auka satsing på digital radio fram til 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske la i dag fram ein plan for ny fordeling av kapasiteten for digital radio som vil fremje utviklinga av digital radio i Noreg.

Pressemelding

Nr.: 172/06
Dato: 22.11.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, tlf. 22 24 80 04

Sikrar auka satsing på digital radio fram til 2020

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske la i dag fram ein plan for ny fordeling av kapasiteten for digital radio som vil fremje utviklinga av digital radio i Noreg.

- Vi vil forlengje dei digitale konsesjonane som P4 og Radio 2 Digital har i dag, frå 2014 til 2020. Dette vil sikre stabile rammer for kringkastarane sine planar om å investere i auka dekning i DAB-nettet, i første omgang til 80 prosent, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Dei kommersielle kringkastarane P4, Kanal24 og Radio2Digital må forplikte seg til å tilby allmennkringkasting fram til 2020, om dei skal få forlenga konsesjonar.

NRK får disponere heile kapasiteten i regionblokka. Totalt får NRK kapasitet som gir plass til 7-8 kanalar. Det gir rom for eit breitt NRK-tilbod.

Resten av kapasiteten i riksblokka (1-2 kanalar) blir lyst ut.

- Bakgrunnen er å sikra at kringkastarane skal vite kva dei har å halde seg til slik at dei kan leggja langsiktige planar for den digitale satsinga si. Samstundes vil det analoge radiotilbodet kunne halda fram uendra. Det er ikkje aktuelt no å setje ein dato for når dei analoge FM-sendingane skal avviklast, seier statsråden.

- Forlenginga vil heller ikkje hindra nye aktørar. Allereie 2010 blir det frigjort nye frekvensressursar, seier Giske.

Vedtaket førar vidare prinsippet om at digitaliseringa av radio i Noreg skal vere aktørstyrt, og at utbygginga av nett for digital radio skal skje i regi av aktørane sjølve på kommersielt grunnlag. Departementet la dette vilkåret til grunn allereie i 1997, då departementet gav si første breie orientering til Stortinget om digital radio, jf. St.meld. nr. 62 (1996-1997).


Faktaark om digital radio