Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Styrking av Hålogaland Teater og FilmCamp Målselv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 148/06
Dato: 06.10.2006

Styrking av Hålogaland Teater og FilmCamp Målselv

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke i ulike kulturtilbod i Troms med om lag 10 millionar kroner.

I statsbudsjettet for 2007 foreslår regjeringa ein auke på 3,1 millionar kroner til Hålogaland Teater i 2007. Det er også foreslått også eit tilskot til FilmCamp Målselv på 1,5 millionar kroner.

- FilmCamp Målselv har utvikla ein levedyktig bransjestruktur for film og fjernsynsproduksjon. Tilskotet skal bidra til vidaresatsing på regional filmutvikling i Troms, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Auken til kulturinstitusjonar i Troms er fordelt slik:
1,5 millionar kroner til Aja Samisk Senter til planlegging av byggeprosjekt
0.92 millionar kroner til Tromsø Symfoniorkester
0.6 millionar kroner til Midt-Troms Museum
0.56 millionar kroner til Nord-Troms Museum
0.59 millionar kroner til Trondarnes Distriktsmuseum
0.46 millionar kroner til Nordnorsk fartøyvernsenter og Indre Sør-Troms museum
0.61 millionar kroner til Nordnorsk Kunstmuseum
0.19 millionar kroner til Perspektivet Museum

- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Troms. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Troms til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen