Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka løyving til Nasjonalbiblioteket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2008 gjer Regjeringa framlegg om ein auke i løyvinga til Nasjonalbiblioteket på i alt 33 millionar kroner.

Av dette er 11,8 millionar kroner knytt til overføringa av Filmarkivet frå Norsk filminstitutt til Nasjonalbiblioteket frå 1. januar 2008. Overføringa er ei oppfølging av St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren.

Nasjonalbiblioteket tek i samband med dette over 12 årsverk frå Filminstituttet. Nasjonalbiblioteket skal mellom anna ha ansvaret for alt fysisk filmhistorisk materiale, elektroniske basar med metadata og magasinlokala på Jar og Ensjø. Nasjonalbiblioteket skal òg restaurere og digitalisere filmmateriale. I budsjettframlegget er det lagt inn ein auke på 1 million kroner for å styrkje arbeidet med å restaurere film i Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket har det overordna ansvaret for å gjennomføre feiringa av at det i 2008 er 200 år sidan Wergeland blei født og i 2009 er 150 år sidan Hamsun blei født. Framlegget til løyving for Nasjonalbiblioteket i 2008 omfattar 6,1 millionar kroner til gjennomføring av Wergeland-jubileet og førebuing av Hamsunjubileet.

Auken til Nasjonalbiblioteket omfattar vidare 3 millionar kroner til nye magasinlokale.

Til toppen