Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Buskerud:

Auka støtte til Brageteatret og Vestfossen Kunstlaboratorium

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Forslaget til statsbudsjett for 2008 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Buskerud.

Brageteatret får ei auke på 654 000 kroner og Vestfossen Kunstlaboratorium får auka si støtte til 750 000 kroner.

Alle skulebarn i Buskerud fylke er sikra minst ei scenekunstoppleving i året gjennom ei abonnementsordning  som alle kommunane har med Brageteatret.

Fleire styrka ordningar under Kulturrådet vil også komme Buskerud til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet. I tillegg skal det fordelast midlar frå Den kulturelle Spaserstokken og Kulturkortordninga for ungdom også i 2008.

Til toppen