Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Østfold

Auka støtte til kultur i Østfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår auke i løyvinga til Blåseensemblet i Halden, Østfold Teater og Punkt Ø i forslaget til statsbudsjett for 2008.

 Regjeringa foreslår auke i løyvinga til Blåseensemblet i Halden, Østfold Teater og Punkt Ø i forslaget til statsbudsjett for 2008.

 - Regjeringas mål er å fremje det regionale kulturlivet for å auke mangfaldet og nyskapinga i Noreg. Difor styrkjer vi tilskota til kulturinstitusjonar i Østfold, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

 Blåseensemblet i Halden får om lag 1,4 millionar kroner i auka tilskot frå staten. Tidlegare har Forsvarsdepartementet gitt ein del av statstilskotet, men frå 2008 har Kultur- og kyrkjedepartementet ansvaret for heile tilskotet. Det samla statstilskotet til Blåseensemblet blir på vel 16,9 millionar kroner.

Auken til andre kulturinstitusjonar i Østfold er fordelt slik:

1,0 million til Østfold Teater
0,8 millionar kroner til Punkt Ø.
0,1 million kroner til Studium Actoris og Folk i gata-festival


Mange styrka ordningar under Kulturrådet kan også koma Østfold til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga, er tiltak som skal fordelast over heile landet.