Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Nordland:

Auka tilskot til Helgeland museum og Nordland Teater

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2008 foreslår regjeringa ein auke i tilskotet til Helgeland museum på om lag 2,5 millionar kroner. Tilskotet til Nordland Teater aukar med 1,7 millionar.

– Det nye Petter Dass-senteret på Alstadhaug opnar i haust. Senteret er teikna av arkitektkontoret Snøhetta og har fått ei spanande utforming. Auken i statstilskotet skal styrke drifta av senteret, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.  

Nordnorsk Kunstnersenter vil saman med Lofoten internasjonale kunstfestival få eit samla tilskot på 3,6 millionar kroner i 2008. 

Bodø Simfonietta kjem inn som fast post på statsbudsjettet og får 1 million kroner i støtte. Musikkteatret i Bodø får auka sin bevilgning med 350 000 kroner.

Fleire styrka ordningar under Kulturrådet vil også komme Nordland til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsing er tiltak som skal fordelast over heile landet. I tillegg skal det fordelast midlar frå Den kulturelle Spaserstokken og Kulturkortordninga for ungdom også i 2008.