Historisk arkiv

Auka tilskot til Norsk Ordbok 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa aukar tilskotet til Norsk Ordbok 2014 med 1,5 millionar kroner, for å sikre at verket vert ferdig til 2014. Samla tilskot til prosjektet i 2008 vert på vel 13,6 millionar kroner.

Det store ordbokprosjektet Norsk Ordbok 2014 er eit språkpolitisk nøkkeltiltak for å sikre og styrkje norsk i det globale språkmangfaldet. Prosjektet får tilskot frå departementet og Universitetet i Oslo. Regjeringa aukar tilskotet i samsvar med opptrappingsplanen for å sikre bemanninga i prosjektet.

Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Opptrappinga tok til i 2002 og prosjektet har brei politisk støtte. Verket i tolv band skal liggje føre til Grunnlovsjubileet i 2014.