Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Finnmark

Aukar pressestøtta til samiske aviser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å auke pressestøtta til samiske aviser med 5 millionar kroner i budsjettet for 2008. Formålet er å støtte samanslåinga av Min Aigi og Assu og etablere ei samisk dagsavis.

Regjeringa gjer framlegg om å auke pressestøtta til samiske aviser med 5 millionar kroner i budsjettet for 2008. Formålet er å støtte samanslåinga av Min Aigi og Assu og etablere ei samisk dagsavis.

Regjeringa foreslår også eit tilskot på 9,7 millionar kroner til Østsamisk museum i Neiden. Bygget skal stå ferdig neste år.

Stellaris DansTeater får ein auke på 1 million kroner.

– Denne regjeringa har auka støtta til samiske kulturformål med til saman 21,4 millionar kroner sidan 2005. I 2008 skal Sametinget sin forvaltning på kulturfeltet styrkast med vel  6 millionar kroner, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Mange andre ordningar under Kulturrådet kan også komme Finnmark til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsing er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen