Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Sogn og Fjordane:

Budsjettauke for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Opera Nordfjord og Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa gjer framlegg om ei auke i statstilskotet til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert auka med 600.000 kroner i kulturbudsjettet for 2008.

 - Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største festivalen for folkemusikk og tradisjonsmusikk i Skandinavia med konsertar på høgt kunstnarisk nivå. Festivalen er ein viktig møteplass for kunstnarar og publikum, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Opera Nordfjord vil få ein auke i tilskotet på 500 000 kroner, mens Sogn og Fjordane Kunstmuseum får ein auke på 200.000 kroner.

Mange andre ordningar under Kulturrådet kan også koma Sogn og Fjordane til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen