Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Møre og Romsdal:

Budsjettauke for Operaen i Kristiansund og Dei Nynorske Festspela

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa gjer framlegg om ei auke i statstilskotet til Operaen i Kristiansund med 1,4 millionar kroner i kulturbudsjettet for 2008.

Regjeringa gjer framlegg om ei auke i statstilskotet til Operaen i Kristiansund  med 1,4 millionar kroner i kulturbudsjettet for 2008.

– Operaen i Kristiansund er Noregs eldste opera og den største og mest aktive distriktsoperaen for framsyning av musikkteater og opera. Verksemda er basert på samarbeid mellom amatørar og profesjonelle, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

– Dei nynorske festspela ved Nynorsk kultursentrum er viktig for det nynorske språket. Festspela har høg kunstnarleg kvalitet og god publikumsoppslutning. Difor vil vi styrke drifta med 1 million kroner i 2008, seier Giske.

Fleire styrka ordningar under Kulturrådet vil også koma Møre og Romsdal til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen