Historisk arkiv

Fleire nye frivilligsentralar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett ei ekstra løyving på 0,9 millionar kroner til oppretting av ytterlegare seks nye frivilligsentralar. Med forslaget til tilleggsløyving vil det bli oppretta til saman 26 nye frivilligsentralar i 2007.

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett ei ekstra løyving på 0,9 millionar kroner til oppretting av ytterlegare seks nye frivilligsentralar.
Frivillig sektor er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Etablering av 20 nye frivilligsentralar er allereie lagt inn i budsjettet for 2007. Med forslaget til  tilleggsløyving vil det bli oppretta til saman 26 nye frivilligsentralar i 2007.