Historisk arkiv

Framlegg om 6 millionar kroner meir til region- og distriktsopera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa går inn for å auke statlege tilskot til operatiltak landet rundt med 6 millionar kroner i budsjettforslaget for 2008. Dette kjem i tillegg til styrkinga av Den Norske Opera.

Auken har som føresetnad at regionen følgjer opp statstilskota med auka midlar frå kommunar og fylkeskommunar, slik at det ordinære offentlige driftstilskotet blir fordelt mellom dei offentlege tilskotspartane med 70 prosent på staten og 30 prosent på regionen.

Den Nye Opera

1,7 million kroner

Operaen i Kristiansund

1,4 million kroner

Opera Nord

0,35 million kroner

Opera Sør

0,3 million kroner

Musikkteatret i Trondheim

0,3 million kroner

Opera Nordfjord

0,5 million kroner

Musikkteatret i Bodø

0,35 million kroner

Ringsakeroperaen

0,3 million kroner

Steinvikholm Musikkteater

0,3 million kroner