Historisk arkiv

Meir pengar til vedlikehald av dei eldste kyrkjene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å etablere ei ny tilskotsordning basert på midlar frå Opplysningsvesenets fond for å styrkje arbeidet med istandsetjing av dei eldste kyrkjebygningane (15.05.2007)

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å etablere ei ny tilskotsordning basert på midlar frå Opplysningsvesenets fond for å styrkje arbeidet med istandsetjing av dei eldste kyrkjebygningane.

- Dei eldste kyrkjene våre er verdifulle kulturminne som er automatisk freda etter kulturminnelova. Desse kyrkjene må vi ta betre vare på. Difor har vi frigjort midlar frå Opplysningsvesenets fond til ei ny tilskotsordning for  istandsetjing av kyrkjer som er bygde før 1650. Tilskotet kan dekkje inntil 30 prosent av istandsetjingskostnadene, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
 
I tillegg foreslår regjeringa å auke rammene for rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av andre kyrkjer med 300 millionar kroner. Utvidinga av investeringsramma betyr at fleire kyrkjebygningar kan få rentekompensasjon.