Historisk arkiv

Historisk nivå i 2008:

Regjeringa satsar på frivillig sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Frivillig sektor får ein samla auke på 24,2 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2008. Regjeringa foreslår også at frivillige organisasjonar skal få lågare avgifter som samla vil bli på om lag 40 millionar kroner.

- Regjeringa si satsing på frivillig sektor vil nå eit historisk nivå med m.a. ”frivillig-milliarden” som er foreslått i Frivilligmeldinga. Vidare foreslår regjeringa å styrkje fleire tiltak på frivillig sektor, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske:

  • Regjeringa foreslår ein auke på 7,5 millionar kroner til etablering av 13 nye frivilligsentralar og ein auke av tilskotet til dei eksisterande frivilligsentralane med 10 000 kroner
  • 3,5 millionar kroner for å setje i gang forskingsprogram for frivillig sektor og for å stimulere dialogen mellom trudomssamfunn og utvikling av nye møteplassar
  • Ein auke i tilskotet til Frifond med 4,4 millionar kroner. Tilskotet skal stimulere barn og ungdom til aktivitet og deltaking og auke innsatsen i arbeidet for integrering og inkludering
  • 1 million kroner i auka støtte til Frivillighet Norge til m.a. oppretting av ein prosjektstilling med ansvar for å auke forståinga for å integrere innvandrarar i dei tradisjonelle frivillige organisasjonane.

I tillegg foreslår regjeringa å auke momskompensasjonen med 7,8 millionar kroner.

Frivillig sektor er i dag fritatt for arbeidsgivaravgift når dei totale lønsutgiftene for organisasjonane er under 300 000 kroner. Fritaket gjeld berre for lønsutgifter for tilsette som er mindre enn 30 000 kroner. Beløpsgrensene er uendra sidan dei vart innførte i 1998. Lønsoppgåveplikta i frivillige organisasjonar gjeld for lønsutbetalingar over 2 000 kroner. Denne beløpsgrensa er heller ikkje endra sidan 1992.

Regjeringa foreslår å auke beløpsgrensene for betaling av arbeidsgivaravgift med 50 prosent til 450 000 kroner og 45 000 kroner. Regjeringa foreslår også å auke beløpsgrensa for lønsoppgåveplikt for frivillige organisasjonar frå 2 000 kroner til 4 000 kroner.

Endringane vil venteleg innebere ei samla lette på om lag 40 millionar kroner.

I tillegg er det fleire andre tiltak som styrkjer det frivillige kulturlivet, som til dømes 1,8 millionar til øvingslokale, ein auke på 2,4 millionar kroner til innkjøp av instrument til skolekorps, ein auke på 1,7 millionar kroner til distriktsoperatiltak med stort innslag av frivillig innsats og 0,25 millionar i auke til Musikkens Venners Landsforbund.