Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Aust-Agder:

Sterk auke i tilskotet til Risør Kammermusikkfest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Tilskotet til Risør Kammermusikkfest vert auka med 50 prosent, frå 800 000 kroner i 2007 til 1,2 millionar kroner i 2008. Designtreff 100 % Risør får 200 000 kroner.

Tilskotet til Risør Kammermusikkfest vert auka med 50 prosent, frå 800 000 kroner i 2007 til 1,2 millionar kroner i 2008. Designtreff 100 % Risør får 200 000 kroner.

– Frå 2008 vil Risør Kammermusikk få fast årleg støtte på kulturbudsjettet i tillegg til at tilskotet vert auka vesentleg. Vi legg også til grunn at regionen aukar sitt tilskot frå 400 000 til 800 000 kroner. Dette gjer at Risør Kammermusikk vil få mykje betre og meir stabile økonomiske rammer. Med dette skulle det liggje godt til rette for at festivalen kan vidareutviklast, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Designtreff 100 % Risør vil få eit tilskot på 200 000 kroner til vidareutvikling av designsatsinga i regionen. – Dette er eit godt døme på samarbeid mellom designfag, kunstfag og næringsliv, og på utvikling av regionbaserte næringar, seier kulturminister Giske.

Fleire styrka ordningar under Kulturrådet kan også komme Aust-Agder til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet. I tillegg skal det fordelast midlar frå Den kulturelle Spaserstokken og Kulturkortordninga for ungdom også i 2008.