Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Rogaland

Sterk satsing på museum og musikk i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Jærmuseet og Stavanger Symfoniorkester får solid auke i kulturbudsjettet for 2008.

Jærmuseet og Stavanger Symfoniorkester får solid auke i kulturbudsjettet for 2008.
Regjeringa foreslår at løyvinga til Jærmuseet vert auka med vel 2,8 millionar kroner neste år.

– Jærmuseet står for eit nyskapande formidlingskonsept som har vekt interesse hos barn og ungdom for realfag og kulturhistorie. Den nye Vitenfabrikken i Sandnes som opnar i mai 2008, vil gjere Jærmuseet til ein særs viktig institusjon i den kulturelle skulesekken, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Tilskotet til Stavanger Symfoniorkester er foreslått auka med 4 millionar kroner i 2008. Turnéstøtta vert integrert i driftstilskotet og støtta til kyrkjelydprosjektet skal vidareførast. Som region-/landsdelsinstitusjon vil eit statstilskot på 45,9 millionar kroner utløyse eit tilskot frå regionen på 19,7 millionar kroner.

Arkeologisk museum i Stavanger vil få auke tilskotet med 1 million kroner som skal gå til oppgradering av teknisk utstyr.

Kultur- og kyrkjedepartementet ønskjer å leggje til rette for at Statens kunstutstilling, Høstutstillinga kan visast i ein by i tillegg til hovudstaden. Høstutstillinga i 2008 skal visast i Stavanger i tillegg til i Oslo.

Kulturhovedstad Stavanger 2008 får i 2008, 40 millionar kroner. Totalt for 2006, 2007 og 2008 utgjer tilskotet 100 millionar kroner.

Mange andre ordningar under Kulturrådet kan også komme Rogaland til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet. I tillegg skal det fordelast midlar frå Den kulturelle Spaserstokken og Kulturkortordninga for ungdom også i 2008.