Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Vest Agder

Sterk satsing på museum og teater i Vest-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2 millionar kroner til nytt teater- og konserthus for Sørlandet. I tillegg foreslår regjeringa tilsegn om tilskot på 406 millionar kroner til bygging av teater- og konserthuset.

 Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2 millionar kroner til nytt teater- og konserthus for Sørlandet. I tillegg foreslår regjeringa tilsegn om tilskot på 406 millionar kroner til bygging av teater- og konserthuset.

Agder Teater, inklusive utandørsscena i Fjæreheia får 1,6 millionar kroner i auka statstilskot. Som region/landsdelsinstitusjon vil eit statstilskot på 16,1 millionar kroner til Agder Teater også utløyse eit regionalt tilskot på 6,9 millionar kroner.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje drifta ved Vest-Agder-museet med om lag 1,5 millionar kroner i samband med konsolideringa mellom Vest-Agder-museet og Stiftelsen Hestmanden.

Stiftinga Kristiansand Symfoniorkester har til no fått tilskot både frå Forsvarsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Frå 2008 vil Kultur- og kyrkjedepartementet bere ansvaret for heile statstilskotet og samstundes auke tilskotet med om lag 1,9 millionar kroner. Stiftinga KSO vil i 2008 få 33 millionar kroner i tilskot. Som region- og landsdelsinstitusjon vil dette utløyse eit regionalt tilskot på om lag 14,1 millionar kroner.

Andre aukingar på kulturbudsjettet til Vest-Agder:

Sørlandet Kunstmuseum:  0,8 millionar kroner
Opera Sør:                                    0,4 millionar kroner
Trafo.no – nettstad for unge kunstnarar: 0,3 millionar kroner

 


Mange av ordningane under Kulturrådet kan også komme Vest-Agder til gode, m.a. festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsing.
Til toppen