Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008:

Styrking av musikk og museum i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Festspillene, opera og museum blir tunge satsingsområde i Hordaland i kulturbudsjettet for 2008.

Festspillene, opera og museum blir tunge satsingsområde i Hordaland i kulturbudsjettet for 2008.  

– Regjeringa foreslår ei løyving på 10 millionar kroner til ombygging av museumslokale ved Bergen kunstmuseum. Vi foreslår også å auke tilskotet til Festspillene i Bergen med 2,6 millionar kroner i 2008. Styrkinga skal gå til utvida satsing på eigenproduksjonar og samarbeid med Den Nye Opera, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Auken til andre kulturinstitusjonar i Hordaland:

Den Nationale Scene:         

4,5 millionar kroner samt 2 millionar kroner til vedlikehald

Bergen Filharmoniske Orkester:

4,5 millionar kroner

Den nye Opera:

1,7 millionar kroner

Bergen Kunsthall:

1 million kroner

Carte Blanche:

1 million kroner

Kunstmusea i Bergen:

1,6 millionar kroner

Museumssenteret i Salhus:           

1,2 millionar kroner

Hardanger Museum:

0,8 millionar kroner

Museum Vest:

0,7 millionar kroner

BRAK:

0,2 millionar kroner

I 2008 er det 100 år sidan lyrikarane Olav H. Hauge og Geir Tveitt vart fødd. Det vil bli gitt eit tilskot til jubileet på til saman 2,5 millionar kroner fordelt på 2007 og 2008.

Fleire styrka ordningar under Kulturrådet kan også komme Hordaland til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet. I tillegg vil Hordaland få tilskot til Kulturkort for ungdom og Den kulturelle spaserstokken.