Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008 for Telemark:

Styrking av Norsk Industriarbeidarmuseum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår ei løyving på 8 millionar kroner til utviding av Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan. I tillegg foreslår regjeringa ei styrking av drifta ved Norsk Industriarbeidarmuseum med 1,1 million kroner.

 - Norsk Industriarbeidarmuseum er eit svært viktig museum og kulturminne med både lokalt, regionalt og nasjonalt nedslagsfelt. I 2008 vil rehabiliteringa og ombygginga verte ferdigstilt. Bygget vil gje betre forhold for publikum og betre lokale for undervisning, dokumentasjon og forsking, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

 Auken til andre kulturinstitusjonar i Telemark er fordelte slik:

  • 1,7 millionar kroner til Teater Ibsen som også inneber ei styrking av aktivitetar i Vestfold
  • 0,8 millionar kroner til Telemark Museum
  • Statstilskotet til Grenland Friteater og Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival vert samla til eit festivaltilskot, og skal aukast til 4 millionar kroner.

Mange andre ordningar under Kulturrådet kan også koma Telemark til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.

Til toppen