Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009

73,5 millionar meir til språk, litteratur og bibliotek

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 14 millionar til produksjon og innkjøp av litteratur, mellom anna 3,5 millionar kroner til ei permanent innkjøpsordning for sakprosa. Løyvinga til Nasjonalbiblioteket er foreslått auka med 28 millionar. I tillegg kjem 3 millionar til anna bibliotekutvikling.

I vår la regjeringa fram St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. For å følgje opp intensjonen i meldinga om å gje Språkrådet eit heilskapleg språkpolitisk ansvarsområde foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga med 4,3 millionar. I tillegg er det sett av 2,5 millionar kroner til arbeidet med ein norsk språkbank.

Forutan ein auke på 1,5 millionar kroner til Det norske akademis store ordbok er det elles sett av ein pott på 4 millionar kroner til å følgje opp andre prioriterte tiltak. Av dette skal 500 000 kroner nyttast til å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk. Dette betyr at regjeringa foreslår å følgje opp språkmeldinga med om lag 12 millionar kroner.

I budsjettet er det vidare sett av 14 millionar kroner til å styrkje Norsk kulturråds støtteordningar for produksjon og innkjøp av litteratur. Sakprosaordninga aukar med 3,5 millionar kroner og blir permanent. Samtidig aukar støtta til tidsskrifter med 2,5 millionar kroner. 300 000 kroner er produksjonsstøtte til teikneseriar.

Vidare foreslår regjeringa å styrkje fleire tiltak innan litteratur- og bibliotekfeltet:

  • 2 millionar kroner til Det Norske Samlaget 
  • 500 000 kroner kvar til Norsk Forfattersentrum og Foreningen !les for vidare arbeid med litteraturformidling og stimulering av leselyst. 
  • 1 million kroner til NORLAs arbeid med å fremje og informere om norsk litteratur i utlandet. 
  • 1 million kroner til Norsk barnebokinstitutt, blant anna for å gjere forfattar-utdanninga ved instituttet permanent. 
  • 800 000 kroner til Leser søker bok sitt arbeid med å gjere litteratur tilgjengeleg for alle. 
  • 4,5 millionar kroner til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for betre tilgang til allmenn litteratur og til å styrkje studenttenesta. 
  • 3 millionar til bibliotekutvikling 
  • 3 millionar kroner til bibliotekteneste i fengsla.

Regjeringa foreslår ei løyving til Nasjonalbiblioteket på 332,7 millionar kroner, ein auke på over 28 millionar frå 2008. 10 av dei 28 millionane i auken går til å følge opp digitaliseringsstrategien til Nasjonalbiblioteket. Mellom anna skal 3 millionar kroner brukast til å etablere eit arkiv for pop og rock og til realisering av prosjektet Musikkarv. Målet for prosjektet er å verne og publisere norsk klassisk musikk.

Nasjonalbiblioteket har ansvar for å planleggje og gjennomføre 150-årsjubileet for Knut Hamsuns fødsel i 2009 og 100-årsmarkeringa av Bjørnstjerne Bjørnsons død i 2010. 1 million kroner av auken til Nasjonalbiblioteket skal nyttast til forfattarmarkeringar. Dermed er til saman 7 millionar kroner avsett til dette formålet.

Fra 1. januar 2009 blir heile filmarkivet ved Norsk Filminstitutt overført til Nasjonalbiblioteket. Noko av auken i budsjettet er knytt til auka løns- og driftskostnader i samband med overføringa. Flyttinga er ei oppfølging av St.meld. nr. 12 (2006-2007) Veiviseren, og vart starta 1. januar 2008.

Til toppen