Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009

8,8 millionar kroner meir til region- og distriktsopera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa aukar tilskotet til operatiltak landet rundt med 8,8 millionar kroner. Den totale løyvinga til region- og distriktsopera i budsjettforslaget for 2009 blir då 43,6 millionar kroner.

Opera Østfold kjem inn som ny distriktsopera på statsbudsjettet for 2009 med eit statleg tilskot på 1 million kroner. I tillegg blir samarbeidsprosjektet Ad Opera vidareført under Den Nye Opera i Bergen.

Som for 2008, har auken som føresetnad at statstilskotet blir følgt opp med auka midlar frå kommunar og fylkeskommunar. Staten skal stå for 70 prosent av det ordinære offentlege driftstilskotet, medan regionen står for 30 prosent.

Auken til region- og distriktsoperaer:

Den Nye Opera
(inkl. 2,2 millionar kroner til Ad Opera)


5,5 mill. kroner

Operaen i Kristiansund

1,0 mill. kroner

Opera Nord  

0,5 mill. kroner

Opera Sør

0,5 mill. kroner

Musikkteatret i Trondheim           

0,5 mill. kroner

Opera Nordfjord      

0,5 mill. kroner

Musikkteater i Bodø           

0,5 mill. kroner

Ringsakeroperaen

0,5 mill. kroner

Steinvikholm Musikkteater           

0,5 mill. kroner

Opera Østfold (NY)

1,0 mill. kroner