Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka tilskot til Senter for idrettsskadeforsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet aukar tilskotet til Senter for idrettsskadeforsking ved Noregs idrettshøgskole med 500 000 kroner. Det samla tilskotet til Senter for idrettsskadeforsking kjem opp i 3 millionar kroner i 2008.

– Departementet ønskjer å bidra til å styrkje forskinga på område der idretten har særskilde utfordringar, og der det er behov for meir kunnskap og kompetanse, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

I første omgang vil det bli sett i gang prosjekt for å motverke brå hjartedød, spisevegring og til prosjekt om mononukleose (kyssesjuke) og fysisk aktivitet. På desse områda er det særskilt behov for forsking for å forstå og motverke helseproblem ved utøving av idrettsaktivitet.

Formidling av kunnskap til brukarane er viktig. Kulturdepartementet har difor auka støtta til dette arbeidet. Sidan senteret vart oppretta i 2000, har Kultur- og kyrkjedepartementet gitt ei årleg grunnstøtte til den langsiktige forskinga ved senteret for å motverke idrettsskadar.  

Til toppen