Historisk arkiv

Forbod mot betaling til ulovlege pengespel på Internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet la fredag fram eit lovforslag om å forby formidling av betaling for pengespel som er ulovlege i Noreg.

Kultur- og kyrkjedepartementet la fredag fram eit lovforslag om å forby formidling av betaling for pengespel som er ulovlege i Noreg.


Lovforslaget vil omfatte alle verksemder som formidlar betalingstenester etter norsk lov og som er kjende med at betalinga går til pengespel som er ulovlege i Noreg. Dei som  spelar, vil ikkje bli råka av reguleringa på annan måte enn at betaling for pengespel utan norsk løyve vil bli stansa.

- Den strenge norske reguleringa av pengespel skal sikra at vi har tilsyn og kontroll med dei pengespela som er tilgjengelege her til lands, og hindre at folk får alvorlege sosiale og økonomiske problem på grunn av pengespel, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. - Med dette lovforslaget vil vi skjerpe kampen mot formidling av pengespel som ikkje har løyve frå norske styresmakter. Eit forbod mot betalingsformidling vil vere eit effektivt verkemiddel mot internettspel som kan skape speleproblem, seier statsråd Trond Giske.

Etter at dei private gevinstautomatane forsvann i juli i fjor, er problem med utanlandske pengespel på Internett blitt den viktigaste årsaka til at folk kontaktar Hjelpelina for speleavhengige. Mange pengespel på Internett er retta mot nordmenn ved at nettsidene er på norsk, at spelarane kan tippe på norske arrangement, og at prisane er oppgjevne i norsk valuta. Lotteritilsynet har likevel ikkje høve til å stansa denne verksemda, sidan selskapa som formidlar tenestene, held til i eit anna land.

Ot.prp. nr. 80 (2007-2008)