Historisk arkiv

Halvor Nordhaug fekk størst oppslutning blant biskopane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at rektor Halvor Nordhaug er best skikka til å bli ny biskop i Bjørgvin bispedøme.

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja  meiner at rektor Halvor Nordhaug er best skikka til å bli ny biskop i Bjørgvin bispedøme.

Åtte av biskopane har Halvor Nordhaug som sitt førsteval. To av biskopane har generalsekretær Kjell Bertel Nyland på førsteplass, og ein har bymisjonsprest Kari Veiteberg som nr. 1.

Rangering frå biskopane:

Nr. 1

Nr. 2

Nr. 3

Rektor Halvor Nordhaug

8

2

1

Generalsekretær Kjell Bertel Nyland

2

1

4

Bymisjonsprest Kari Veiteberg

1

2

3

Domprost Ørnulf Elseth

0

5

2

Sokneprest Ivar Braut

0

1

1

Ved den rådgjevande røystinga på ny biskop fekk Halvor Nordhaug klart flest røyster frå gruppene med røysterett (sokneråd, prestane og andre vigsla i Bjørgvin bispedøme, prostane og dei teologiske professorane). Kyrkjerådet har og tilrådd at Halvor Norhaug blir utnemnd til ny biskop i Bjørgvin.

Det er Kongen i kyrkjeleg statsråd som skal utnemne den nye biskopen i Bjørgvin etter Ole Danbolt Hagesæther. Hagesæther har fått avskil i nåde frå 1. januar 2009. Utnemninga av ny biskop vil venteleg finne stad i desember.