Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009:

Kraftig styrking av museumsfeltet i Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår å løyve om lag 5,6 millionar kroner i samband med samanslåinga av museum i Vestfold.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 5,6 millionar kroner i samband med samanslåinga av museum i Vestfold.

Frå 1. januar vil Haugar Vestfold Kunstmuseum, Larvik Museum, Nord-Jarsbergmusea, Sandefjordsmusea og Slottsfjellsmuseet slutte seg saman i ei ny museumseining.

- Tilskotet til museumskonsolideringa vil gi eit ekstra lyft for musea i Vestfold. Tilskotet betyr at det faglege miljøet ved musea blir styrkt. Regjeringa vil vurdere ein tilleggsauke på 2,5 millionar kroner til konsolideringa av musea i Vestfold på eit seinare tidspunkt, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. 

I tillegg går regjeringa inn for å auke tilskotet til Festspillene i Vestfold med 0,25 millionar kroner til vel 2,3 millionar kroner. Tilskotet til Stella Polaris aukar med 0,2 millionar kroner til 1,2 millionar kroner.

Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Vestfold over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på vel 32,7 millionar kroner. Dette er ein auke på 24,6 prosent eller om lag 6,5 millionar kroner i høve til 2008.