Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009:

Meir til kultur i Aust-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår ein auke på 1 million kroner til Sørnorsk Jazzsenter neste år. Senteret vil til saman få om lag 1,6 millionar kroner i statstilskot.

Regjeringa foreslår ein auke på 1 million kroner til Sørnorsk Jazzsenter neste år. Senteret vil til saman få om lag 1,6 millionar kroner i statstilskot.

- Det statlege tilskotet skal nyttast til drift og kompetanseutvikling. Auken på ein million kroner vil gi Sørnorsk Jazzsenter eit stort lyft, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Aust-Agder kulturhistoriske senter får auka tilskotet med 500 000 kroner til 6,3 millionar kroner, og Setesdalmuseet får nær 3,3 millionar kroner, ein auke på 0,5 millionar kroner.

I tillegg får Galleri Bomuldsfabriken ein auke på 250 000 kroner og Risør Kammermusikkfest 200 000 kroner, mens Bokbyen Skagerak får auka tilskotet med 100 000 kroner.

Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Aust-Agder over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 16,3 millionar kroner. Dette er ein auke på 11,6 prosent i høve til i fjor.