Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008:

Satsing på rock og teater i Nord-Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ei auke i tilskotet på 2,5 millionar kroner til Rock City Namsos.

I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ei auke i tilskotet på 2,5 millionar kroner til Rock City Namsos.

Midlane skal gå til vidare arbeid med å utvikle eit ressurssenter for profesjonell rytmisk musikk.

Nord-Trøndelag Teater er styrkt med 1,5 millionar for å utvikle samarbeid med og ein klårare ansvarsdeling overfor Trøndelag Teater. Løyvinga er ledd i oppfølginga av St. meld. nr. 23 (2007-2008) Bak kulissene.  

Stiklestadmusea får 1,5 millionar kroner i auke til 18,5 millionar kroner. Steinvikholmen musikkteater aukar med 500 000 kroner til om lag 2,5 millionar kroner.

Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Nord-Trøndelag over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 41,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 18,3 prosent eller vel 6,4 millionar kroner.