Historisk arkiv

Kulturbudsjettet for 2009:

Stort musikkløft for Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 at Tromsø Symfoniorkester får auka tilskotet med 1 million kroner til 13,4 millionar kroner.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 at Tromsø Symfoniorkester får auka tilskotet med 1 million kroner til 13,4 millionar kroner.

- Auken til Tromsø Symfoniorkester er ein del av ei satsing for å etablere eit nordnorsk symfoniorkester, Arctic Orchestra. Det nye orkesteret skal byggje på dei profesjonelle musikarmiljøa i m.a. Tromsø Symfoniorkester, Landsdelsmusikerordningen i Nord-Norge, Bodø Sinfonietta og Forsvarets Musikkorps Nord-Norge. Det er i tillegg sett av 6,5 millionar kroner til dette prosjektet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Regjeringa foreslår også eit tilskot til Ája Samisk Senter på 5,2 millionar kroner. Tilskotet til Opera Nord blir auka med 0,5 millionar kroner til vel 1,9 millionar. 

Hålogaland Teater vil få ein auke på 2 millionar kroner til 38,6 millionar kroner neste år. Regjeringa foreslår også å løyve 0,5 millionar kroner til Nord Vitensenter, for å frigjere spelemidlar i samband med at Den kulturelle skulesekken skal utvidast til den vidaregåande skulen.

Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga om knutepunkt og foreslår eit tilskot på 1,5 millionar kroner til Riddu Riððu som eit resultat av at festivalen har fått knutepunktstatus frå 2009. Tilskotet til Filmcamp Målselv blir vidareført med 2,5 millionar kroner. Regjeringa har lagt inn 10 millionar kroner i friske midlar som dei regionale filmsentra kan søkje på.